Lys asfalt er kome på plass i Kronstadtunnelen og det nærmar seg eit ferdig produkt. Arbeidstida framover vil vere mellom 07-15 og tidvis til 19. Laurdag 15. april vert det opning for heile gang- og sykkelvegen frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum, gjennom både Fyllingsdalstunnelen og Kronstadtunnelen. Sjå vedlagt lenke for program her: Velkommen til åpningshelg for gang- og sykkelveien fra Fyllingsdalen til sentrum! (miljoloftet.no)
Asfalt i tunnel
Den lyse asfalten saman med belysninga skal bidra til ei tryggare og lysare oppleving når ein ferdast gjennom Kronstadtunnelen. Etter kvart vil det suse syklistar og gåande tørrskodde gjennom her.

Arbeid med brua over Møllendalselva
På brua over Møllendalselva held ein på med blant anna forskalinga der kantdragarar skal støypast på begge sider av brua i tillegg til å legge røyr i grunnen. Frå brua og til undergangen under Møllendalsbakken held ein på med natursteinsmurarbeid.


Arbeid ved portal
På Møllendal utanfor portalane er det stor aktivitet med grøftearbeid for å kople røyrnettet saman. Dette føregår mot Møllendal kapell, over brua over Møllendalselva, og opp langs elva retning Haukeland. Anleggsgartnar har halde på med natursteinsmurar ved portalane og betongarbeidarane held på med forskalingsarbeid for å gjere klart til vegen over portalane, der grunnentreprenør tilfører massar som skal i vegkroppen.



Arbeid i Møllendalsbakken
I Møllendalsbakken held ein på med utviding for å gjere klart til fortauet som kjem på sørsida av vegen. Her har det føregått pigging og graving for å fjerne gamle strukturar i grunnen.

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt per e-post eller nytte kontaktskjema i vedlagt link:
E-post: tilbakemelding.d18@veidekke.no
Kontaktskjema: https://bybanen.veidekke.no/d18-sykkeltunnel-kronstad/kontakt-oss/
Helsing nabokontakt i Veidekke