Aktivitetsnivået på D18 Sykkelveg Kronstadtunnelen er som vanleg høgt og overleveringsfristen nærmar seg. Framover er det ikkje planlagt noko nattarbeid. Dette fører til at arbeidsdagane vil føregå innanfor arbeidstida 07-19. Dersom situasjonen vert endra for nokre arbeid vil dette bli varsla per sms i god tid før oppstart.

Asfalt i tunnel

Første lag med asfalt har kome i Kronstadtunnelen og neste lag er planlagt i starten av februar. Her skal det leggast lys asfalt for å bidra til ei tryggare oppleving ved ferdsel gjennom tunnelen. Dette vert tilsvarande som i Fyllingsdalstunnelen.

Snart vert dette asfaltlaget gøymt under eit lag med kvit asfalt

Arbeid med brua over Møllendalselva

Brua over Møllendalselva vert oppgradert og noko utvida for å fungere som sykkelveg med trygt rekkverk. Det vert òg lagt ny infrastruktur som vatn, elektro og tele/fiber i grunnen.

Brua over Møllendalselva

Arbeid ved portal

Anleggsgartnarane murar opp natursteinsmur på begge sider av gangvegportalen. På baksida av natursteinsmuren held grunnentreprenør på med å tilføre massar inn mot eksisterande skråning. Framfor portalen er det arbeid med tilstøytande infrastruktur som vatn, elektro og tele/fiber i grøft som skal koplast til kum.

Natursteinsmur ved portalane

 

Vatnkum utanfor portalane

Arbeid i Møllendalsbakken og Fløen

Møllendalsbakken er i stor grad ferdig planert, og nede langs sporet på Fløen føregår det rensking av skråning i tillegg til sikringsarbeid, samt arbeid med vatnkum under brua. I vegbanen held ein på med utviding av vegen for å gjere plass til fortau på begge sider.

Planert område ved Møllendalsbakken

 

Resterande arbeid ved Fløen. Til venstre for rekkverket kjem sykkelvegen frå Kronstadtunnelen, medan Bane Nor held på til høgre for rekkverket

 

Pågåande utviding av veg for å gjere plass til fortau oppe i Møllendalsbakken. Sykkelvegen skal gå gjennom tunnelen under vegen

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt per e-post eller nytte kontaktskjema i vedlagt link:

E-post: tilbakemelding.d18@veidekke.no

Kontaktskjema: https://bybanen.veidekke.no/d18-sykkeltunnel-kronstad/kontakt-oss/

 

Helsing nabokontakt i Veidekke

Author