Det er høg aktivitet på D18 Sykkelveg Kronstadtunnelen, snart jul og overleveringsfrist til våren. Inntrekkshallen er overlevert til Bane Nor og dei held på med å samankopla det nye Kronstadsporet med det eksisterande jernbanenettet. Sporet er spenningssett og det er klart for tog å nytte sjølve hallen til vedlikehald.
I dei tilfella det vert arbeidd lengre enn til kl. 15:00 vil arbeid i dagsona seinast vere avslutta kl. 19:00 på kvardagar og kl. 16:00 på laurdagar, medan arbeid i tunnel seinast vert avslutta kl. 22:00. Ikkje-støyande arbeid i tunnel kan bli utført som nattarbeid, og dette vert varsla via SMS.
I romjula vil det vere arbeid i Kronstadtunnelen og utanfor portalane ved Møllendal i arbeidstida 07:00-19:00.
Betongkulvert og natursteinsmurar
Innvendig er inntrekkshallen ferdig medan det er gjenståande arbeid med tilføring av massar oppå, og planering mot tilstøytande terreng frå nabotomter. Som nevnt i førre innlegg vert dette eit grusa område på flata og morenemassar i overgang mot naboar og i skråning i bakkant.

Dei store natursteinsmurane langs sporet på Fløen er ferdige og det er montert rekkverk langs kantane. Det gjenstår støyp av fundament for flettverksgjerde langs sporet (i overgangen mellom sykkelsti og spor for Bane NOR), og noko murarbeid vest for sporet mot busetting. Natursteinsmur ved portal under Møllendalsbakken er ferdig, og muring langs sykkelvegen under brua skal i gang. I Møllendalsbakken er vegen innsnevra for å utvide sjølve brua. Trafikkbiletet vert geleida av blide vaktar.

Byggegrop Møllendal
På Møllendal har det vore stor aktivitet med arbeid frå fleire fag tett på kvarandre. Forlenginga av mur ved portal for gangstien er ferdigstøypt samtidig som graving for stor vatnkum utanfor Kronstadtunnelen. No er kummen armert og skal støypast før massar vert tilbakeført. Vidare held ein på med ein forblendingsmur (naturstein) utanfor portalen, og når den er ferdig skal ein reetablere kjeglemur som stod ved den verneverdige portalen.

Kronstadtunnelen
I Kronstadtunnelen er veggelement ferdig montert. Desse elementa har struktur i overflata for å fordele lyd, og saman med duk i taket vil dette bidra til betre akustiske forhold inni tunnelen. Per no held ein på med elektroarbeid, legging av kantstein og grunnarbeid før asfaltering. Asfaltering i tunnel er planlagt i starten av januar.

Lausmassetunnelen er straks ferdig etter rehabiliteringsarbeid. No føregår røyrarbeid i dei siste metrane i tunnelen mot Møllendal, og dette vil føregå i romjula saman med infrastrukturarbeid (kummar, røyr og kablar) i bakken utanfor portalane.

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt per e-post eller nytte kontaktskjema i vedlagt link:
E-post: tilbakemelding.d18@veidekke.no
Kontaktskjema: https://bybanen.veidekke.no/d18-sykkeltunnel-kronstad/kontakt-oss/
God jul!
Håvard Røgenes