Tekst: Håvard Røgenes/Jonas Juul Hermansen

Strekninga til den nye sykkel- og gangvegen gjennom Kronstadtunnelen var opprinneleg ein 464 meter lang jernbanetunnel mellom Møllendal og Kronstad. Denne vart bygd i tidsrommet 1908-1913, og vart nytta til persontrafikk fram til 1965 som ein del av Bergensbanen. Etter dette vart tunnelen nytta til godstrafikk fram til bybaneutbygginga mellom Bergen sentrum og Fyllingsdalen starta.

Overgang mellom steinkvelv og fast fjell før prosjektstart

Då tunnelen skulle byggast bestod det første stykket frå Møllendalssida av lausmassar som leire og mindre stein. Tunnelbygging i slike utfordrande grunnforhold krev stabiliserings- og sikringstiltak for at ikkje massane skal rase. Av denne grunn vart det konstruert ein 40 meter lang oppmura steinkvelv innover i lausmassane til ein møtte på fast fjell.

Austleg kjeglemur

Starten av steinkvelvet er opparbeida med ein steinportal med tilhøyrande kjeglemurar, der portalen og delar av steinkvelvet er verneverdig og skal bevarast. Steinkvelvet er i underkant av 5 meter breitt og er difor for smalt for å romme sykkelveg og gangveg etter dagens standard. Ettersom delar av steinkvelvet er verneverdig og ikkje kan utvidast til dagens standard lagar Veidekke ei ny tunnelmunning ved sida av steinportalen. Den nye tunnelmunninga skal nyttast til gangveg og leiar inn til sykkelvegen der dei går saman til Kronstad. Under bygging av portalen vart det oppført kjeglemurar på begge sider av innløpet som òg skal bevarast. Den vestlegaste av kjeglemurane er i konflikt med den nye gangtunnelen og skal difor demonterast og reetablerast vest for den nye tunnelmunninga. Sykkelvegen vil gå vidare over jernbanebrua på Møllendalsida medan gangvegen går ned forbi Møllendal kapell.

Forskalingsarbeid under bygging av steinkvelvet. Stillaset er reist av rundstokkar og forskalinga er laga av bøygde stålprofiler med trevirke oppå. Foto: Svanøe, Olaf Andreas. Norsk Jernbanemuseum

 

Toga på Kronstadsporet gjekk opprinneleg på damp, men allereie i 1940 var det planar om å elektrifisere strekninga. På grunn av krigen vart arbeidet utsett og strekninga vart først elektrifisert i 1954. På biletet kan ein sjå eit straumskap som stod i tunnelen og vart fjerna under forarbeidet før tunnelutvidinga kunne starte
Namnet Møllendal kjem frå mølleverksemda som vart drive ved elva og vart registrert for første gong i ei skriftleg kjelde frå 1519. Barkemølla er mogleg den eldste gjenverande industribygningen i Bergen som er antatt å vere frå 1614

Kronstadtunnelen og området rundt har fleire historiske element som skal bevarast gjennom prosjektet og vere med på å utsmykke den nye gang- og sykkelvegen frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum.

Kjelder/bilete:

  • Bybanen BT4: Kronstadsporet ved Møllendal Vedlegg Q-2
Author